
Os Senioruniversitet – Kari Lossius: Eldre og rus
Kari Lossius er spesialist i klinisk psykologi. Ho har arbeidd som terapeut og forskar i 30 år, og var fagleg leiar ved Bergensklinikkene i mange år.
Lossius har vore rettleiar ved helsetenesta ved UiB og er medforfattar av fleire bøker innan emneområda psykologi, rus og behandling, og har skrive fleire fagartiklar og kronikkar.
Ho er ein mykje nytta føredragshaldar både nasjonalt og internasjonalt.
Medan ungdom drikk mindre og mindre, aukar alkoholinntaket hos eldre, særleg blant kvinner over 60 år. Kvifor er det så viktig at det førebyggjande arbeidet no blir retta mot eldre?
–––
Varigheit: om lag 2 timar inkludert kaffipause.
Rullestolar og ledsagarar: Ledsagarar har gratis inngang. Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast/reserverast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no