Iselin Guttormsen Kommer – En forestilling om seksualitetens historie

Iselin Guttormsen Kommer – En forestilling om seksualitetens historie

Etter braksuksessen med One Night Stand er Iselin Guttormsen tilbake med eit splitter nytt soloshow: Kommer!

Denne gongen tek ho publikum med på ei underhaldande, personleg og overraskande tidsreise gjennom historia, på jakt etter den heilage gralen: den kvinnelege orgasmen.

Kvifor opplever så mange kvinner manglande lyst? Kvifor har vi framleis eit orgasmegap, der menn oftare får orgasme enn kvinner? Og kvifor kjem kvinner oftare åleine og med andre kvinner enn med mannlege partnarar? Er svaret biologisk? kulturelt? Handlar det om skam, manglande kunnskap, eller fleire hundre år med misforståingar rundt kvinnekroppen?

Med humor, forsking, personlege erfaringar og sitt karakteristiske skråblikk på samfunnet dykkar Iselin ned i sex, lyst, makt, historie og orgasme. For kvinner er utstyrte med eit organ som berre er skapt for nyting. Så kvifor kjem vi ikkje?

Kommer! er ein kveld for både kvinner og menn, for deg som vil le, lære og kanskje gå heim med eit litt anna syn på sex enn då du kom. Det er på tide å gå frå One Night Stand til heit, rå og sensuell elskov.

Iselin kjem definitivt. Kjem du?

___ 

Servering: Gjer kvelden komplett med ein god middag eller noko godt i glaset før arrangementet. Oseana Kafé held ope fram til arrangementsstart, og kjøkkenet stenger éin time før. Sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no

Varigheit: Om lag 75 minutt 

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.