Klypa – Det verste frå bygda

Klypa – Det verste frå bygda

Dette er kvelden for deg som veit at det alltid skjer litt meir på bygda enn det som står i lokalavisa.

Thomas Ryste, mannen bak Klypa, har tidlegare fylt salar i Bergen, og denne gongen toppar han det heile. Etter ein suksessfull start på Ole Bull i Bergen er han no klar for å ta med seg framsyninga ut på turné! 25 år med karakterar, dialekt og treffsikker humor er samla i éi framsyning.

I den splitter nye framsyninga «Det verste frå bygda» får publikum eit gjensyn med alle favorittane: ferjebillettøren Kjellen, den evige optimisten Palle, Strila-Petter, Louis Myklebust, og ikkje minst Thomas i eigen person.

Det blir bygdesladder, skråblikk, musikalske innfall og den typen gjenkjenneleg galskap som berre Klypa leverer.

Framsyninga er regissert av Arvid Ones. 

Velkommen!

––––

Varigheit: 60-70 minutt

Servering: Gjer kvelden komplett med ein god middag eller noko godt i glaset før arrangementet. Oseana Kafé held ope fram til arrangementsstart, og kjøkkenet stenger éin time før. Sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt (917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.