Bokbad med Cecilia Samartin

Bokbad med Cecilia Samartin

Fredag 6. november kjem den kjende forfattaren Cecilia Samartin til Oseana. Ho er aktuell med den nye romanen «Sterkere enn frykt», og i samtale med Arve Juritzen og biblioteksjef i Bjørnafjorden, Kirstine Folmann, får vi høyre meir om boka og Fidel Castros rolle i forteljinga.

Samartin deler også frå den cubanske bakgrunnen sin, forfattarskapen og eigne oppturar og nedturar.

I 20 år har den Cecilia Samartin vore blant dei mest populære forfattarane i Noreg, med titlar som «Señor Peregrino», «Drømmehjerte», «Salvadoreña» og «Mofongo». Dei ni romanane hennar har selt heile 1,5 millionar eksemplar i Noreg og fått svært gode kritikkar.

«Romanene mine utforsker livet til vanlige mennesker som berøres av det ekstraordinære. Det er fortellinger om forvandling og håp, og om uventede reiser som tar form når vi våger å gå utover frykten vår og omfavne mulighetene», seier Cecilia.

«Cecilia Samartin skriver med hjertet utenpå pennespissen», seier bokhandlar Trude Næss.

Tonje Hellevig på @les.mer skildrar boka slik: «Sterke kvinner og en godt bevart hemmelighet. For en spenning! Denne boka var vanskelig å legge fra seg.»

Cecilia lovar også ei spesiell overrasking, og det blir god tid til ein personleg prat og signering av bøker. Samtalen går føre seg på engelsk, med omsetjing til norsk undervegs.

Velkommen til ein hyggeleg bokkveld i Oseana!

 __

Varigheit: Ca 75 minutt

Servering: Gjer kvelden komplett med ein god middag eller noko godt i glaset før arrangementet. Oseana Kafé held ope fram til arrangementsstart, og kjøkkenet stenger éin time før. Sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.