
Os Senioruniversitet: Anita Østerbø: «Skammens mødre» – ein trilogi om aleinemødrenes tøffe kamp
Anita Østerbø har skrive «Skammens mødre», ein bokserie om aleinemødrene og deira kamp frå femtitalet og fram mot åttitalet.
Alle bøkene byggjer på sanne historier og går føre seg for det meste i Bergen. Bøkene tek for seg viktige tema som skam, sosiale ulikheiter og kvinnekamp.
Vi kjem på innsida av barneheimar, følgjer adoptivbarna og blir vitne til vald mellom partnarar og kamp om barna. Men forfattaren får og fram styrken og gleda i vennskap mellom jenter i same situasjon.
Foto: Agnete Brun
––––
Varigheit: om lag 1t 45 min inkludert kaffipause.
Rullestolplass: Eit avgrensa antal rullestolplassar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no