Os Senioruniversitet: Foredrag om Baroniet i Rosendal

Baroniet i Rosendal vart etablert i 1678 på garden Hatteberg i Kvinnherad. Hovudvekta av jordegodset til baroniet låg spreidd rundt Sunnhordlands-bassenget. Dette området er uvanleg ressursrikt, og romma to klostergods og eit stort aristokrati ved sida av det einaste baroniet i norsk historie. Av denne grunn var Baroniet Rosendal mindre spesielt i Sunnhordlandsregionen enn det var i ein norsk samanheng. I dag er Baroniet mest kjend for ei framifrå landskapspark, rosehagen og eit rikt kulturprogram.

Bjørn Øyrehagen Sunde vart dr. jur. i 2007 og professor i rettshistorie ved Det juridiske fakultet i Bergen same året. I 2019 vart han tilsett som professor ved Institutt for offentleg rett i Oslo. Sunde har sidan 2002 hatt ei bistilling som forskar ved Museet Baroniet Rosendal, og har halde ei rekke foredrag om dette og om andre tema. Han er kjend for sin allsidige kunnskap, breie forsking og sitt grundige arbeid. Soleis har han fått fleire prisar for framifrå formidling, m.a. Meltzer-prisen. J.Ø.S. er også kjend for å ha gått i djupna på tolkinga av Magnus Lagabøtes Landlov av 1274.