Os Senioruniversitet: Helge Haukeland -Samspel mellom menneske & natur

Os Senioruniversitet: Helge Haukeland -Samspel mellom menneske & natur

Helge Haukeland er fødd i Tromsø, og kom til Os i 1981. Han er ein prisbelønna naturfotograf, dokumentarfilmskapar og taksidermist. Taksidermist er ein faglærd og autorisert person som kan lage dyremontasje som er naturtru og anatomisk korrekt. Helge Haukeland har nå starta eit nytt konsept kalla «Naturgalleriet i Os» etter at han i over 20 år har drive Villmarksenteret på Søre Neset. Her har han blant anna tatt imot elevar for å vise kor avhengig vi menneske er av naturen og kva påverknad våre handlingar har på naturmangfaldet. I foredraget vil han dele kunnskap, observasjonar og eigne erfaringar der han over tid systematisk har følgt endringar i naturen både i Os og på Hamarøy.