Os Senioruniversitet – Per Brodal: Den aldrande hjernen og læring

Os Senioruniversitet – Per Brodal: Den aldrande hjernen og læring

Per Brodal er lege og professor emeritus ved UIO og har arbeidd med hjerneforsking og undervisning heile yrkeslivet. Han har særleg interessert seg for grunnleggjande tilhøve for læring i alle fasar av livet. 

I foredraget får vi vite meir om korleis hjernen vår utviklar seg og korleis vi kan lære også i godt vaksen alder. Per Brodal er ein god formidlar og har vore brukt mykje som ekspert i programmet «Abels tårn» på NRK P2.