Os Senioruniversitet: Signe Århus – Oleana frå draum til verkelegheit
Signe Århus: Vi hadde lyst til å vise at det var mogleg å driva med produksjon av klær i Noreg. Ho ønskte å satse på design av ypparste klasse og ho ville ha høg kvalitet på det ho skulle produsera. Vidare ville ho skapa eit trygt og godt arbeidsfellesskap der folk kunne trivast og utvikla seg. Ho og samarbeidspartnarane hadde mange draumar som dei ønskte å realisera – og det kan vi vel seia at dei har fått til?Ei kvinne som pionèr og gründer av Oleana: Signe Aarhus er ei av dei tre gründerane bak tekstilfabrikken Oleana. Saman med Kolbjørn Valestrand og Hildegunn Møster ville dei vise at det var mogleg å gå mot straumen i ei tid då dei fleste flytta produksjonen ut til land med langt billegare arbeidskraft. Dei starta opp i 1992 på Espeland utanfor Bergen, og held no til i dei gamle lokala til Arne Fabrikkar i Ytre Arna. Bergensaren Solveig Hisdal blei tilsett som designar. Takka vere ho, har Oleana motteke ei rekke designprisar og andre utmerkingar. No har neste generasjon teke over drifta. Oleana eksporterer norske strikkeplagg til mange land.