Os Senioruniversitet – Tove Haugsbø – Kunsten og kunstnaren Nikolai Astrup
Tove Haugsbø er førstekonservator og fagansvarleg ved Nikolai Astrup
forskingssenter ved kunstmuseet KODE i Bergen.
Ho er Senior Kurator PhD og har lang forskings- og formidlingserfaring om Nikolai Astrup.
Nikolai Johannes Astrup var målar, teiknar og grafikar. Han er ein av dei mest særprega biletkunstnarane i norsk kunsthistorie, og var ved sida av Edvard Munch ein vesentleg fornyar av grafikk i Noreg. Astrup er kjent for sine landskaps- og naturbilete frå Jølster og for sine særeigne skildringar av Vestlandet sin frodige, ville natur og tradisjonelle folkeliv. Dei fleste av oss kjenner til Nikolai Astrup sin kunst frå ulike utstillingar, eller til og med frå ei gamal lesebok der «Jonsokbål» lyste opp.
I foredraget vil vi bli betre kjent med kunstnaren som person og korleis hans
personlegdom farga kunsten prega av bondekulturen i sterke fargar.
Varer ca. 2 timar inkl. kaffipause.