Os Vocalis – Tida går

Os Vocalis – Tida går

Tida flyr. Tida står stille. Tida strekk ikkje til. Tida er knapp. Det er eit hav av tid. Vi menneske blir styrt av klokka. Naturen derimot har ei eigen takt. Tenk at lynet kan slå ned i brøkdelen av eit sekund, mens landskapet vi ser rundt oss er danna gjennom millionar av år. Kva er eigentleg tid og korleis opplever vi tida?

Os Vocalis og dirigent Ørjan Hartveit ønsker velkomen til konserten “Tida går”.
Vi dykkar ned i musikk som tematiserer tidas gang, og tidas betydning for oss og naturen vi er ein del av.

Varer ca. 1,5 t.