Halvdan Sivertsen – på tur opp og på turné

Halvdan Sivertsen – på tur opp og på turné

Ein av meistrane innan norsk visesjanger, Halvdan Sivertsen, får tydelegvis ikkje nok av å møta sitt store publikum. Og dei får ikkje nok av han. Hausten 2025 inviterer Halvdan til eit nytt musikalsk møte i Oseana!

 

Med seg på vegen har Halvdan sitt faste band og crew, noko som garanterer at songane hans får den aller beste innpakninga. Frå det lyriske, vakre og lågmælte til heftig og rocka backing. Med mykje fleirstemt koring, og med lyd- og ljosdesign frå øverste hylle.

«Bandet mitt er A-laget. Kunne ikke ønsket meg bedre musikere. De bidrar med så mye kreativitet, sjangerforståelse og engasjement at jeg aldri føler at konsertene blir rutinepreget. Det skjer store og små musikalske overraskelser og nyanser på hver eneste konsert, som sender smil oss imellom, og som publikum ofte får med seg. De registrerer bandets unike spilleglede og responderer på den. Av og til blir jeg helt rørt» seier Halvdan.

Sivertsen si liste over udødelege låtar er lang, så det er nok å ta av, og publikum vil ikkje bli skuffa. Og Halvdan kan melde om at bandet er spelesugne og gler seg – masse!

 

Bandet:

Halvdan Sivertsen:                Vokal og gitar

Håvar Langaas Bendiksen:   Div gitarar og vokal

Terje Nohr:                             Div gitarar og vokal

Trond Viggo Solås:                Bass og vokal

Johannes Winter Farstad:     Keyboards og vokal

Rune Mathisen:                     Slagverk   og vokal

Konserten varer ca. 90 minutt.