
Ausekarane – Ramsalt kystmusikk på fullt!
Det er ikkje utan grunn at Ausekarane – med Tor Endresen og Bjørn Jensen i spissen – har herja revy- og konsertscener rundt på Vestlandet i ei årrekkje. For dette er fengjande musikk, reinspikka moro, ein god porsjon galskap, og ikkje minst eit band med fantastiske musikarar.
På skryteveggen står kåring som Bergens beste sceneoppleving i 2010, 1. plass på VG-lista med albumet «Farande fant», Platinatrofé for «Ausedansen», Gullplate og Spellemannpris-nominasjon for albumet «Ein hau med hitts».
Det starta med «Haraball i naustet» på Logen i Bergen. Ausekarane gjorde stor suksess med musikk-kabareten som var basert på kysttrubaduren Johannes Kleppevik sine songar og ramsalte tekstar.
Sommaren 2008 vart forestillinga tatt med ut i sitt rette element; På fjorden. Frå kai te kai på Vestlandet. Først med ferja «Showboat» og seinare med ferja «Showtime» under slagordet «Ikkje reis te byd`n, me kjem te deg». Dette vart ein gedigen slager med skamros frå både folk og media.
Sidan den gong har det gått slag i slag med konsertar, turnear, show, album- og DVD-utgjevingar. Alle medlemmene i Ausekarane er frå Strilelandet, så nær som Tor Endresen som er einaste bergensaren på laget. Men han er så godt inne i strilekulturen at han eigentleg kunne søkja om å bli forfremja til stril.
Konserten varer om lag 2t og 20 minutt, inkludert pause.
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no