HIVJU and The Garbage King

HIVJU and The Garbage King

HIVJU and The Garbage King er eit musikalsk samarbeid mellom skodespelar Kristofer Hivju og produsent og musikar Olav Lystrup. Duoen byr på ei nær konsertoppleving med sterke tekstar og eit rått musikalsk uttrykk. 

Kristofer Hivju er mest kjend frå Game of Thrones, BECK og ei rekkje internasjonale filmar og TV-seriar. Men musikken har alltid vore ein viktig del av livet hans. Han starta sitt første band som tiåring, har turnert i Noreg og Europa med bandet WAX, og skrive eigne låtar heile livet. No er han tilbake der det heile starta.

Prosjektet debuterte på Rockefeller i 2022 som support for Luke Elliot, og har sidan utvikla seg vidare både på scena og i studio. Debutalbumet er under arbeid.

I haust legg duoen ut på akustisk turné. Med kontrabass, nylonstrengsgitar og Hivju si karakteristiske røyst blir dette ei nær og stemningsfull konsertoppleving.

Olav Lystrup er produsent og multiinstrumentalist, og har samarbeidd med artistar som Torgeir Waldemar, The Turns og Impossible.

Velkomen til ein nær og stemningsfull konsert med Kristofer Hivju og Olav Lystrup.

___

Intimkonsert med sitjeplassar ved runde bord (unummererte plassar).

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.