Overgangsvinduet – med Tilslørte bondepiker

Overgangsvinduet – med Tilslørte bondepiker

Tilslørte bondepiker er over sin første ungdom og kjenner på at livet er fullt av overgangar. Det er ikkje fritt for at både kropp og hovud tidvis kan koka litt, og dei grøne kjolene stramma meir enn før. Damene puggar notar, tekst og moves, og gler seg stort til å få synga i Storsalen og «bjuda på» med fine melodier, humor og nostalgi. Men, er bondepikene framleis gode nok? Vil publikum lika programmet og syns dei framleis at bondepikene held «koken»?

Tilslørte bondepiker luftar ut, og ønsker velkommen til konsert med ei god blanding muntre og nostalgiske skråblikk på livets mange overganger. Naturligvis ispedd ein relativt god dose bonderomantikk.

Med oss på laget har vi som vanleg musikalske gjester og ikkje minst bandet Veggpryd, det dyktigaste og mest tålmodige bandet vi kan tenkje oss!

Vi gler oss masse og ynskjer varmt velkommen til konsert!