Renate Rivedal: Foredrag om Henri Matisse. 31.01. kl. 18.

Renate Rivedal: Foredrag om Henri Matisse. 31.01. kl. 18.

Henri Matisse (1869-1954) vert sett på som den aller fremste koloristen på 1900-talet, og vert framleis rekna som ein av dei aller største blant dei tidlege modernistane. Han hadde ein vesentleg påverknad på den europeiske modernismen si utvikling mot abstraksjon i dei fyrste tiåra av 1900-talet. Matisse henta inspirasjon frå asiatiske og afrikanske kunstverk og tradisjonar. Med dei vibrerande fargane sine, og fridom i form og linje, med sitt lys, sine mønster, blomar og menneskekroppen, er han framleis ein inspirasjon.
 
 Foredraget er ein del av samtale- og foredragsserien SAMLING.
 
 Ord. 100,-
 
Gratis for medlem av Oseana kunstklubb.