UtseldAVLYST Riksteatret: Detektivbyrå nr. 2 – Operasjon Teater

AVLYST Riksteatret: Detektivbyrå nr. 2 – Operasjon Teater

Barn i Noreg elskar bøkene om Detektivbyrå nr. 2 av krimforfattar Jørn Lier Horst. No blir det teater for heile familien der Tiril, Oliver og hunden Åtto må løyse eit heilt nytt mysterium!

Operasjon Teater er eit nytt oppdrag for Detektivbyrå nr. 2. Eit mysterium som berre kan opplevast når Riksteatret kjem til ditt kulturhus. For kva er det egentlig som skjer når Riksteatret kjem til Elvestad for å spele framsyninga Hamlet?

Kvifor har det skjedd mystiske ulykker under heile turnéen? Er teaterframsyninga forbanna, eller er det nokon som saboterer? Bli med Tiril, Oliver og Åtto på eit spanande mysterium i teatrets magiske verd.

Vi gler oss til å sjå deg i teatret! Hvis du vil, kan du kle deg ut i eit heilt eige teaterkostyme når du kjem til Oseana.

Passar for barn frå 5 år.

På scenen
Maria Agwumaro, Lars Halvor Andreassen, Janne Starup Bønes, Amalie Ibsen Jensen, Arjan Nilsen, Thomas Jørstad Pettersen og Amanda Hedvig Strand

Team
Regissør: Hilde Brinchmann, Scenograf: Paul Sebastian Garbers, Kostymedesigner: Helena Andersson, Assisterande designer: Signe Gerda Landfald, Lysdesigner: Martin Flack, Lyddesigner, Komponist: Eirik Myhr og Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen

Av Hilde Brinchmann og Jørn Lier Horst.

Basert på bokserien Detektivbyrå nr. 2 – av forfatter Jørn Lier Horst og illustratør Hans Jørgen Sandnes.

Framsyningslengde: 2 timar (inkludert pause).

Premiere: Oslo / Nydalen 10. sep 2021

Turnépremiere:
Larvik 15. sep 2021

Produsert av Riksteatret

Detektivbyrå nr. 2-bøkene er ein av Noregs mest selde barnebokseriar gjennom tidene med eit samla opplag på over 2 millionar. Nokre av bøkene er også filmatisert. "Operasjon Teater" er ei heilt ny teaterforestilling basert på universet som barna kjenner frå bøker og film.