Riksteatret: Don Quijote

Riksteatret: Don Quijote

No kan du oppleve klassikaren Don Quijote som fornøyeleg komedie. Ta med deg gode venner og slepp latteren laus i kulturhuset!

Dei fleste forbind Don Quijote med historia om mannen som slåst mot vindmøller. Mange har også eit indre bilete av en lang tynn fyr på eit beinrangel av ein hest, og kanskje ein stutt kar på esel ved sidan av.

I Riksteatrets versjon flakkar Don Quijote og Sancho Panza omkring i vår tid. Vi møter eit teaterensemble som har prøver på teaterstykket Don Quijote, der hovudrolleinnehavaren lever seg sånn inn i rolla at han trur han er Don Quijote. Han meiner at regissøren er ute etter han og spring på dør. Kollegaen som spelar Sancho, spring etter for å hente han tilbake til teateret. Vi får sjå den ikoniske skikkelsen Don Quijote gyve laus på vindmøller frå ei svunne tid, og du får også møte han sittande i baren på ein nattklubb i vår tid.

Don Quijote passar for alle, og du treng ikkje å ha lese boka før du går på teater. I rollene som Don Quijote og Sancho Panza møter publikum komedieskodespelarane Svein Harry Schöttker-Hauge og Eirik del Barco Soleglad. - Den eine ser det han trur på, den andre trur berre på det han ser. Den eine ser verkelegheita som ho er, den andre som ho burde vere, oppsummerer dei to. Elles medverkar Jenny Ellegård, Anne E. Kokkinn, Patrik Asplund Stenseth og Johanne Fossheim.

Pressa meiner:

"Fornøyelig (...) en "Don Quijote"-forestilling som både er lett og underholdende, og som ikke krever at du har lest boka på forhånd." Dagsavisen (5)

"Elegant tolkning" Dag og Tid

"Eventyrlig (...) en god og underholdende farse" Norsk Shakespeare Tidsskrift

"Don Quijote som tv-krim, med et lite hint av Ibsen" NRK

"Riksteatret leverer en aktualisert Don Quijote (...) Når Don Quijote svinger lansen sin for å rydde el-sparkesyklene av veien, føles den 400 år gamle historien treffende oppdatert." Vårt Land

Framsyningslengde: 1 time 40 minutt (ingen pause).

Fritt etter Miguel de Cervantes. Dramatisert av Yngve Sundvor. Regissør Yngve Sundvor. Scenograf Leiko Fuseya. Lysdesignar Geir Hovland. Lyddesignar Gunnar Innvær. Kampkoreograf Kristoffer Jørgensen. Dramaturg Morten Kjerstad. Produsent Anita Basmo Bjørnstad.