Riksteatret: Høna, egget og reven

Riksteatret: Høna, egget og reven

HØNA, EGGET OG REVEN
PRODUSENT: WENCHE VIKTORSDATTER PAULSEN

AV NELLY WINTERHALDER. REGI GUNNAR EIRIKSSON.

Det er ikkje så gøy å vere Høna når Egget hennar plutseleg blir borte. Særleg ikkje når ho finn ein rev i reiret der Egget låg.

Riksteatret byr på ei nyklekka teaterframsyning for dei minste. Her møter du Høna, ei søt, sjølvopptatt og smånervøs eggemor. Du møter også Reven, ein smart og sosial type. Saman legg dei av stad på jakt etter det bortkomne Egget. Det blir ei spanande og verdsomspennande reise.

Undervegs møter dei mange forunderlege eggspertar: ei struttande og streng strutsemor, ein pertentleg og plettfri pingvinfar, ein hær hodelause lus og ei kappande, kuttande krokodille-kokke. Høna prøveruger mange egg, men ingen av dei kjennes heilt riktig.

Høna, egget og reven er ei morosam framsyning om vennskap, tilhøyrsle og motgang, og om barn som blir annleis enn foreldra hadde forventa. Ei hyllest til det uperfekte livet!

For barn frå 4 år og alle voksne.

På scenen
Henrik Bjelland, Eirin Schou Fævelen, Ragnhild Gravem og Hans Norman Røine

Team
Regissør: Gunnar Eiriksson, Kostymedesigner, Scenograf: Kathrine Tolo, Scenograf, Videodesigner: Torbjørn Ljunggren, Scenograf, Lysdesigner: Elisabeth Kjeldahl Nilsson, Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen og Dramatiker: Nelly Winterhalder

Av Nelly Winterhalder
Forestillingslengde: 1 time (ingen pause).
Premiere: Oslo / Nydalen 25. feb 2021