Riksteatret: Hør’a dagbok Ein familiemusikal med hiphop, humor & varme

Riksteatret: Hør’a dagbok Ein familiemusikal med hiphop, humor & varme

Av Amina Sewali

Ein familiemusikal med hiphop, humor og varme!


Nansi er ikkje så god i norsk. Ho får tips om å begynne å skrive dagbok – akkurat som han i En pingles dagbok – og går motvillig med på det. Eigentleg har ho anna å gjere. Nansi drøymer nemleg om å bli Noregs største rap-stjerne!

Hør'a dagbok er ei historie om å vere ny i Noreg. Om ei sterk og kul jente som er full av pågangsmot og minst like tøff som mobbarane i klassen. Ho er småfrekk og stor i kjeften, og stiller alltid opp for dei svake.

«Nansi trosser dysleksi og de kule gutta på skolen for å bli rap-stjerne. Dette er Tøyen-versjonen av Tonje Glimmerdal i et halsbrekkende originalt Oslo-språk. Barneboka er full av humor, hjertevarme og nye referanser til mat og musikk.» skrev VG om boken og ga terningkast 6.

Ta med vener, naboar og folk du er glad i når Riksteatret kjem til kulturhuset ditt. Før framsyninga inviterer vi alle til gratis hiphop-kurs i foajeen. Hør'a dagbok blir ein musikal som opnar auge, øyre og hjarte for kven vi er i Noreg akkurat no. Håpar vi sjåast!

Publikum og presse skriv
:

«Det er lenge siden jeg har hørt så mye barnelatter i en teatersal (…) Mine medbrakte barn sa begge terningkast 6»
Aftenposten

«Svært engasjerende og morsomt»
NRK

«En usedvanlig varm og sjarmerende familieforestilling»
Klassekampen

«Heftig og treffende»
Dagsavisen

«Sjarmerende, energisk og rørende for hele familien»
Norsk Shakespearetidsskrift

«Det er det beste teatret jeg har sett. Jeg bare eksploderte på slutten!»
Gutt, 3. klasse

«Halleluja!! FOR en forestilling. Datteren min lo i to timer.»
Far til jente, 6 år

Passar for alle over 6 år.
Framsyningslengde: 2 timar (inkludert pause).

Kritikarvisning i Oslo, Nydalen 4. mars 2023
Urpremiere i Vadsø 10. mars 2023
Oslo-premiere på Oslo Nye Teater 30. mai 2023


Med Vegard Bjørsmo, Samantha Gurah, Hans Magnus Hildershavn Rye, Kim Fairchild, Marianne Hetland og Emil Rodrigo Jørgensen.

Idé, konsept og komponist Amina Sewali. Av Amina Sewali. Bearbeidet av Anders T. Andersen. Regissør Anders T. Andersen. Scenograf og kostymedesigner Dagny Drage Kleiva. Lysdesigner Agnethe Tellefsen. Lysdesignerprotesje Shiva Sherveh. Lyddesigner Knut Sævik. Videodesigner Åsmund Bøe. Koreograf Amie Mbye. Dramaturg Rania Broud. Produsent Silje Vigerust Vinjar. Produsert av Riksteatret i samarbeid med Hålogaland Teater og Oslo Nye Teater, på turné med Riksteatret og Hålogaland Teater.

«Opplev meir» - for deg som har billett tilframsyninga

KOM OG DANS FØR FRAMSYNING - GRATIS DANSESESSION FØR ”HØR’A DAGBOK!” MED CESILIE KVERNELAND

Møt opp i foajéen 60 minutt før framsyingsstart! Då kan du bli med på ei dansesession med dansar og koreograf Cesilie Kverneland - heilt gratis!

Cesilie gjev deg ei innføring i korleis du kan finne din indre groove og du får moglegheit til å lære deg eit utdrag av dansen frå forestillinga. Timen er tilpassa barn med og utan erfaring frå alderen 6 til 10 år, og varer 20 minutt.

Cesilie er ein Stavangerbasert dansekunstnar som jobbar freelance som dansar, koreograf og danselærar. Ho har tidlegare undervist både store og små i dans ved ulike kulturskular i Rogaland, Steps Dansestudio, Vågen vidaregåande skule, Universitet i Stavanger, PRODA Rogaland og Den Kulturelle Skolesekken.