Riksteatret: Lykke til, Cathrine Frost!
Publikumssuksessen «Lykke til, Cathrine Frost!» er ei humorframsyning om filosofi, føding og folkehelse. Nominert til Heddaprisen 2023 for Beste Teaterforestilling.
Helt sidan premieren har Cathrine Frost spelt for fulle hus på Det Andre Teatret, Nationaltheatret, i London og på Fringe Festival i Edinburgh. Framsyninga fortel den sjølvopplevde historia om Cathrine Frost og møtet med lysta på å få barn og møtet med verda etterpå. Med humor og alvor radbrekker ho synet vårt på kva det vil seie å bli mamma og korleis vi forheld oss til den vesle, store handlinga det er å bli født.
Visste du at Sokrates var gravid? Jaudå, stadig vekk! Han og kollegaene hans i tenketanken Aten meinte faktisk at dei fødde heile tida. Dei ga nemleg liv til det udødelege, reine og siviliserte: Til IDEEN! No er det derimot Cathrine Frost sin tur til å ta på seg togaen og ta styringa i sivilisasjonens vugge. Det har ho eigentleg få eller ingen føresetnader for å klare.
«Cathrine Frost bruker filosofi på en både snerten og morsom måte til å snakke om kvinnehelse» – Aftenposten (5)
«Frost får publikum til å le og gråte om hverandre» – A-Magasinet
«Her oppstår teatret på nytt, med én enkelt, kvinnelig protagonist.»
Sivilisasjonen.no
«Sokrates får straff, pankration-innføring og verdens råeste fødehistorie! Eg takkar deg Cathrine Frost.»
Sigrid Bonde Tusvik
«Morsomt, viktig og rørende om livets begynnelse.»
Christian Mikkelsen
Med Cathrine Frost. Manus Cathrine Frost Andersen, Mats Eldøen og Marie Ulsberg. Regi Mats Eldøen. Produsent Marie Ulsberg. Scenograf Monica Valsø. Kostyme Jenny Bernson. Lyd- og lysdesign Henrik Stoltz Vernegg. Produsent Riksteatret Anita Basmo Bjørnstad. Produsert av Det Andre Teatret, på turné med Riksteatret.
—
Merk: Vi har opplevd at denne framsyninga kan verke sterkt på enkelte i publikum, og enkelte personar med hematofobi (blodfobi) har svima av. Framsyninga inneheld skildringar av kroppsvæsker, og skildrande detaljar frå ei konkret fødselsoppleving.
Det vert brukt strobelys i framsyninga.
Varigheit: Om lag 90 minutt (ingen pause)