
Riksteatret: Ord for blod
Av Faysa Idle
Viss det ikkje er trygt heime eller der ute, kor går ein då?
– Eg håpar alle vaksne vil ta med seg ungdommane sine på «Ord for blod». Vi må forstå at vi alle har eit felles ansvar, sa Faysa Idle til NRK Dagsrevyen etter premieren.
Riksteatret og Det Norske Teatret lagar teater basert på Faysa si forteljing frå eigen oppvekst. «Ord for blod» er ei sann historie, ein innsiderapport frå veslesøstera til den farlegaste gjengleiaren i Sverige. Det er ei sår og ærleg forteljing om å vere menneske og kvinne og hamne midt i eit dødeleg gjengoppgjer – i ei verd der vaksne ikkje er til stades.

Faysa har blitt kalla «forstadens Pippi Langstrømpe». – Det er nok fordi eg torde å gå min eigen veg, sjølv når dei vaksne ikkje visste hva dei skulle gjere med oss. Eg måtte skrive og slam-poesien blei min måte å overleve på, seier ho.
Faysa si historie er ein tankevekkjende rapport frå tilstandar som mange av oss berre kjenner frå utsida. Den vedkjem oss alle, og håpet er at teaterframsyninga kan opne for nye samtaler om kva slags oppvekst vi ønskjer at barn og unge skal få.
Nokokure Dahl debuterer med hovudrolla i «Ord for blod» etter TV- og filmroller i «Pørni», «Blodsbrødre» og «Hva vil folk si». Ellers medverkar Serhat Yildirim (frå NRK-seriane «16», «17», «18» og «19»), Hibba Najeeb (frå «Skitten snø», «Hva vil folk si») og Ken-Philippe Tete.
Sagt som framsyninga:
«Så tett på «svenske tilstander» kommer du sjelden (…) En sterk fortelling om desperasjon og lojalitet (…) man går ikke uberørt hjem»
Aftenposten
«Faysa Idle sitt liv er som støpt i panikk, vold og ære. Overlevelsen finner sted i medmenneskeligheten som ungdomsforestillingen «Ord for blod» viser på forbilledlig vis.»
Periskop.no
«Ord for blod når ut på tvers av kultur, klasse og geografisk tilhørighet»
tbatba.no
«Bør sees av alle som tror det finnes noen enkle og raske svar på ungdomskriminalitet. Og av alle andre.»
Mina Gerhardsen, Barneombud
«Det var sterkt og veldig rørende. En forestilling jeg alltid kommer til å ha med meg videre»
Fatima Deria, miljøterapeut i Oslo fengsel og vinner av «Spillet» på TV2
«Brutal, morsom og rørende»
Warsame Ali, leder av Flexid (ungdom og utenforskap)
«Skremmende, men også veldig lærerikt»
Sarah Gaulin, daglig leder av LIM (Likestilling. Integrering. Mangfold)
På scenen
Nokokure Dahl, Hibba Najeeb, Serhat Yildirim, Ken-Philippe Tete og Bhkie Male
Team
Dramatikar: Seluah Alsaati. Regissør: Affe Ashkar. Scenograf og kostymedesignar: Jasminda Asplund Blanco. Lys- og videodesignar: Anders Ekman. Komponist og lyddesignar: Simon Wimmer. Dramaturg: Marie Persson Hedenius. Dramaturg: Anders Hasmo. Regiassistent: Embla Hane. Kunstnarleg rådgjevar: Castro. Kunstnarleg rådgjevar: Emnet Kebreab. Produsent: Silje Vigerust Vinjar
Av Faysa Idle, Daniel Fridell, Theodor Lundgren. Dramatisert av Seluah Alsaati. Omsett til nynorsk av Ingelin Røssland. Framsyninga er ein del av Den internasjonale Fossefestivalen 2025.
Urpremiere: Oslo / Nydalen 7. sep 2025. Turnépremiere: Rommen scene 11. september 2025
Produsert av Riksteatret i samarbeid med Det Norske Teatret
Foto: Maja Moan
—
Framsyningslengde: 1 time 20 minutt (ingen pause).
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no
Framsyninga passar for vaksne og ungdom frå 12 år.
Informasjon til publikum:
I denne framsyninga blir det røykt med urtesigarettar. Det blir også nytta lydeffektar som simulerer skot.
—

Bestill eit måltid før arrangementet
Vi tilbyr no ein eigen matmeny i forkant av utvalde kulturarrangement. Du bestiller og betalar maten du vil ha på førehand, og får måltidet servert i kafélokala våre i 1. etg. Du kan møte opp 1–2 timar før arrangementet startar. Maten blir levert av Det Gode Selskap.
Bestilling/kjøp skjer via billettsystemet vårt. Du legg til den maten du ønskar i bestillinga di, samtidig som du kjøper billettar til arrangementet.
Du kan óg etterbestille mat etter du har kjøpt billettane. Klikk her for å kome direkte til matbestilling for Riksteateret: Ord for blod
Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet.
Har du tilleggsinformasjon, spørsmål eller kommentarar (f.eks om allergiar), eller ønsker du å avbestille maten? Ta kontakt med post@detgodeselskap.no innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet ditt.
Skal du bestille mat for grupper (6 personar +)? Ta kontakt på e-posten over for avtale og menyforslag.