Riksteatret: Per Hansen – en trofast mann / oskkaldas almmái

Riksteatret: Per Hansen – en trofast mann / oskkaldas almmái

To vaksne menneske og éi altoppslukande forelsking.

Per Hansen er ein heilt vanleg mann. Han driv Hertz bilutleige på den veldig lokale flyplassen. Per Hansen har ingen hemmelegheiter. Bortsett frå den om Silje Jansen.

Dei treff kvarandre på ein måte som ingen av dei hadde drøymt om. Vi følgjer dei det året dei har saman. Skodespelarane Stig Henrik Hoff og Ida Løken Valkeapää viser kor einsamt eit menneske kan leve, og samtidig kor avhengige vi er av kvarandre. «Per Hansen» er eit humoristisk, saftig, dampande erotisk og ærleg stykke om vaksen kjærleik, kompliserte livsval … og om å halde ut dette livet.

Dramatikar Siri Broch Johansen kastar eit rått og nake lys over indre og ytre mørke landskap, på ein genuin, sår, men også fornøyeleg måte. Og med eit språk vi nok ikkje har høyrt maken til på ein norsk scene.

Elle Maija Klefstad Bær er musikar på scenen, og ho gir framsyninga ei kraft du verkeleg kjem til å merke.

Anmeldelser:
«En befriende, direkte, sår og artig opplevelse (..) Jeg måper. Hjertet dunker vilt.»- ⚅ NRK
«Sjarmerende freidig» – Morgenbladet
«Jeg fikk tårer i øynene mot slutten» -Samtiden

Urpremiere i Oslo, Nydalen 3. oktober 2024 Turnépremiere i Vadsø 12. oktober 2024

Med Stig Henrik Hoff, Ida Løken Valkeapää og Elle Maija Klefstad Bær.

Av Siri Broch Johansen / Juho-Sire. Regissør Hanne Tømta. Scenograf Hilde Hauan. Kostymedesignar Nora Furuholmen. Dramaturg Oda Radoor. Produsent Wenche Viktorsdatter Paulsen. Produsert av Riksteatret.

Framsyningslengde: 1 time 40 minutt (ingen pause).