Riksteatret: Prima Facie

Riksteatret: Prima Facie

Engasjerande, sterkt og rørande! Publikum og kritikarar er einige om at «Prima Facie» frå Riksteatret og Nationaltheatret er vinterens sterkaste teateroppleving.

Møt Tessa! Ein ung, vellukka forsvarsadvokat som har jobba seg opp til det øvste sjiktet i spelet; kryssforhøyre, forsvare og vinne. Alt ser ut til å gå hennar veg.

Ein kveld vert ho brått kasta inn i ein situasjon der ho møter seg sjølv i døra. Ho som var uovervinneleg, kjempar no sitt livs største kamp frå den andre sida av rettssalen.

Aftenposten 6: «En forestilling som garantert vil åpne samtaler – og dermed endre litt av verden (…) Og Maria Kristine Hildonen? Hun beviser at skuespillerkunst kan være en superkraft» – 

Dagsavisen 6: «Vinterens sterkeste teateropplevelse» 

Adresseavisen 6: «Skuespillerkunst i særklasse (…) Maria Kristine Hildonen spiller ut en Tessa med kraft og vilje, kynisme og sjarm, alltid med full kontroll (…) Hun er knallgod, punktum» 

 NRK 5: «Strålande skodespel i eit brennaktuelt stykke» 

Prima Facie – et (latinsk) juridisk begrep som betyr tilsynelatande eller ved første øyekast.
Stykket har mottatt ei rekke prisar og gått sin seiersgang i London, New York og på scener over heile verda. Med Riksteatret og Nationaltheatret får publikum på 45 scener over heile landet moglegheit til å oppleve denne gripande og aktuelle framsyninga der dei bur.

Med Maria Kristine Hildonen og musiker Elisabeth Mørland Nesset.
Av Suzie Miller. Oversatt av
Agnes Banach, redigert av Elin Grinaker. Regissør
Maren E. Bjørseth. Scenograf og lysdesigner Norunn Standal. Kostymedesigner
Alva Walderhaug Brosten. Komponist og lyddesigner Sjur Miljeteig. Koreograf
Magnus Myhr. Dramaturg Elin Amundsen Grinaker. Produsent Silje Vigerust Vinjar.
Produsert av Riksteatret i samarbeid med Nationaltheatret.

Sjå trailer, intervju, bakgrunnsartiklar og les meir om «Prima Facie» på Riksteatrets nettsider: www.riksteatret.no/prima-facie/

———-

Varigheit: Om lag 1 time og 45 minutt. (Ingen pause) 
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

Prima Facie inneheld diskusjonar om seksuell vald. Tilrådd aldersgrense er 14 år.