Så leste jeg Naiv.Super

Så leste jeg Naiv.Super

Så leste jeg Naiv.Super er ein tragikomisk monolog om isolasjon, psykisk sjukdom og lausriving, basert på skodespelar Kai Kenneth Hansons eige tilvære eingong omkring årtusenskiftet.

I framsyninga møter vi ein ung mann som gamer heile natta og søv heile dagen, medan rekningane hopar seg opp i skuffa, og han helst berre vil sleppe å halde seg til alle dei andre. Om det så er dama som ringer frå inkassobyrået, dysfunksjonelle familiemedlemmar, kameratane som ringer og vil ha han med ut på øl, naboen Erlend, som visstnok har skrive bok, eller folk som stel andre sin leverpostei.

Han meiner sjølv at han kunne trenge ein læremeister. Ein livsklok gamal fyr som har vore ute ei vinternatt før. Sånn ein WAX ON, WAX OFF-type, liksom.

Så ein dag oppdagar han tilfeldig Erlend si bok i ein bokhandel, og byrjar å lese den. Det endrar alt.

Forestillinga varer ca 1 time og 30 minutter.