
Sommarkonsert med Oldtimers Big Band
Oldtimers Big Band kan ikkje ta sommarferie før dei har spela sin årlege sommarkonsert på Oseana-terrassen. Hald av datoen: 21.juni.
Storbandet har med seg vokalisten sin Marita Moe Sandven som framfører både heilt nytt materiale og låtar som er blitt blanke og fine etter litt støvtørking. I tillegg blir det sjølvsagt instrumentallåtar som får det til å rykka i foten.
Som om ikkje det er nok: Jan Haaland, ein veteran i musikklivet i Os, hoppar inn som gjestesongar. Utan å røpe for mykje kan vi avsløra at gjestevokalisten får Mobergsvikjo til å framstå vel så eksotisk som Ipanema beach i Brasil.
Oldtimers Big Band er evige optimistar og satsar på utandørskonsert, men realistiske nok til å ha ein plan B innandørs dersom veret ikkje spelar på lag.
Varigheit: Om lag 2 timar.