STAS Humorgalla

STAS Humorgalla

Ein vestlandsk standup-galla, med eit hint av Nesodden.

Me har samla dei komikarane me likar aller best for å gje heile Os ein humoristisk festkveld de seint vil gløyme! Gjengen på scenen byr på alt frå skarpe observasjonar til dristige og elleville historiar frå kvardagen. Dette blir garantert kjempegøy!

Billettane forsvinn fort til ein kveld med lattergaranti og topp stemning, anten du likar tørr humor, galgenhumor, satire eller det absurde.

Så ta med deg mora di, søstra di, sjefen eller han einsame onkelen din og kom på show 11. november!

Her er litt om komikarane:

Martin Lepperød
Martin er ein gladgutt med mykje positiv energi og eit smil som smittar over på dei fleste.
Han reiser for tida rundt med showet sitt “Kakerlakk” som har spelt for utselde salar både i Oslo og Bergen. Han lagar også podkasten “Kladden har dæva” der han snakkar om angst for døden. I tillegg til podkasten “Dynga” som han driv saman med Jonis Josef og Henrik Farley.

Ole Soo
Ole er ein rappkjefta og hysterisk morsom bergensar som er kjent frå ein rekke plattformar, podkasten Enkel Servering, VGTV sine produksjoner som Rikets Roast og Bordtenniskameratene. Han har også sitt eige talkshow, Komiker med Ole Soo, der publikum får “kikke inn” bak kulissane i komikerverda.

Kathrine Reigstad
Kathrine er et nytt tilskudd i standup- miljøet i Bergen og har med sine mørke tekstar og forsiktige framtoning allereie vunne mange hjarter. Me gler oss til å oppleve ho i den store salen på Oseana!

Per-Owe Helle
Per-Owe har hatt ein lynkjapp karriere, og gjorde seg tidlig merka med sin heilt særeigne stil. Han har nyleg vore med på innspelinga av Latter Live og er ofte å sjå på klubbkveldar rundt om i landet. Han er ei plaga sjel og dette ber tekstane hans preg av. Navnet hans har faktisk blitt eit søkeord på google, i samband med ulike diagnoser.

Christoffer Schjelderup
Christoffer er allerede ein komikar-legende i Bergen. Han debuterte i 2018 med soloshowet “Tro, hat & ærlighet” til strålende kritikker. Under korona gjorde han suksess med Bodshow, eit digitalt humorinnslag i en ellers trist tid. Og etter det har han fortsatt å levere legendariske filmsnuttar til ei stor fanskare på SoMe. Det siste året har han vore aktuell med sitt andre soloshow “Var det dumt det?”, som har blitt spelt for nesten 20.000 publikummarar.