Teiknekurs med Oda Valle

Teiknekurs for vaksne, som går over to dagar.

Oda Valle inviterer til eit to-dagars teiknekurs for vaksne nybyrjarar. Det vert eit intensivt kurs i portrett, kroki-teikning og stilleben. Forkunnskap er ikkje naudsynt. Du lærer ulike teikneteknikkar, om ansikts- og kropps-proposjonar og metodar for å vidareutvikla dine eigne ferdigheiter. Vi skal eksperimentera med fargar ved å nytte blekk, gouache-måling og akvarellblyantar.

Kurset passer for deg som har lyst til å læra nye teknikkar og som har glede av å teikne. Prisen inkluderer lån av teikneutstyr. Inkludert er og snacks og kaffi/vatn/te. Ta med niste om du vil.
Deltakarane må vera over 18 år.

Oda Valle er illustratør, teikneserieskapar, bildekunstnar, debuterande forfattar og praktisk pedagogisk lærar i estetiske fag, busett i Bjørnafjorden.