UtseldTeiknekurs med Oda Valle

Teiknekurs med Oda Valle

Teiknekurs for vaksne, med Oda Valle.

Oda Valle er illustratør, teikneserieskapar, biletkunstnar, debuterande forfattar og praktisk pedagogisk lærar i estetiske fag, busett i Bjørnafjorden.
Her får du eit intensivt kurs i portrett-teikning for nybyrjarar, forkunnskap er ikkje naudsynt. Vi skal lære ulike teikneteknikkar. Du vil få lære om ansiktsproposjonar og metodar for å vidareutvikle dine eigne ferdigheiter. Vi skal også eksperimentera med fargar ved å nytte gouachemåling og akvarellblyantar. Kurset passer for dei som har lyst å læra nye teknikkar, og alle som har glede av å teikne.
Prisen inkluderer lån av teikneutstyr. Vi serverer lett snacks og kaffe/vann/te. Ta med niste hvis du vil.
Velkomen skal du vere!

Kurset går over to dagar, 4 timar pr. dag.
Avgrensa antall plassar.