Få bill.Terje Sporsem – Absolute norsk

Terje Sporsem – Absolute norsk

Feelgood & iStage presenterer:
Terje Sporsem
“Absolute norsk” - et show om verdens aller-aller beste land.

Terje Sporsem er tilbake med eit standupshow kor han skal prøve å finne essensen av Noreg. Kva vil det eigentleg sei å vere norsk? Er vi framleis blåøygde lykkejegarar eller har olja gjort oss til stappmette verdsborgarar? Med eit humoristisk skråblikk på nordmenn, norsk historie og notid vil Terje prøve å nærme seg svaret på kva som gjer oss «Absolute norsk».

Dette er Terjes fjerde soloshow, og det har premiere i hans 25-års jubileum som komikar. Hans tidlegare show har gjort stor suksess på både scene og skjerm, og har plassert Terje som ein av landets framste og mest samfunnsengasjerte komikarar.

Regi: Arvid One
Ca 75 min (ingen pause)