Ny datoTrekkspelkafé

Trekkspelkafé

To av Noregs framste trekkspelarar, Håvard Svendsrud og Øivind Farmen, er ute på ny turné. Denne konserten gjev oss eit perledykk i trekkspelmusikken, og vi får oppleve både konsertmusikk og ei rekkje kjende gamaldanslåtar side ved side.

Svendsrud og Farmen er begge klassisk utdanna ved Barratt Dues Musikkinstitutt. I tillegg til den klassiske musikken, har dei kvar på sin kant vore svært aktive innan tradisjonell trekkspelmusikk og andre stilartar. Når dei no er ute på turné, er det med utgangspunkt i ein type konsert dei har gjort flere år på rad på Norsk Radiomuseum; dei skulle ikkje øve på førehand, men kome saman og spele kjende låtar etter eigne innfall og publikum sine innspel der og då. Dette blei ein stor suksess, og dei har dei siste åra også tatt med seg denne konsertatmosfæren til ulike kantar av landet.

Første avdeling blir lagt opp som ein ”vanleg” konsert, med ei blanding av deira respektive solorepertoar og nokre duettar. I andre avdeling blir det losna på snippen, og «vegen blir til medan ein går», i improvisert samspel, og med publikums ønskjer frå salen. Dei er sjølve spente på utfallet, og seier at mange fine ting kan oppstå på ein slik måte. Samstundes er fallhøgda unekteleg større enn med eit trygt innøvd repertoar.

Dette blir ei særdeles triveleg konsertstund med flott stemning!

Arrangementet er støtta av Norsk Kulturråd.