Trygve Skaug – Vektløs

Trygve Skaug – Vektløs

Trygve Skaug på soloturné med nytt album i bagasjen.

Trygve Skaug er ein av dei mestselgande artistane og poetane i Noreg. Musikken hans har sidan 2010 lege over 350 veker på NRK P1 A-, B-, og C-lister. Han har motteke fleire gullplater og nominasjon til Spellemannsprisen. Trygve Skaug har spelt konsertar landet rundt, på alt frå dei minste stadene til Oslo Spektrum hausten 2021. Han var også å sjå i «Hver gang vi møtes» i 2021.
11. februar slepp Trygve Skaug den nye plata «Sanger du skal få når vi er vektløse», og følgjer opp med det vi spår som eit av vinterens konserthøgdepunkt for «verdas finaste publikum»!