Utstillingsopning: IDYLL

Utstillingsopning: IDYLL

Kva betyr idyll for deg? Mange kunstnarar har prøvd å fange denne tilstanden på ulikt vis. I denne utstillinga får du sjå nokre av verka, med eit spenn frå tidleg 1800-tal og fram til i dag. Velkommen til opning av årets store sommarutstilling i Grieg Kunstsamling.

Ein sommardag til sjøs for slør over Lista, med kulingen i hekken og ei varmande sol. Overrigga, surfande på dei store bølgene. Idyll. Euforisk feststemning om bord. Ingenting i verda kan vere betre enn akkurat her, akkurat no. Ikkje berre er det heftig å kjenne kreftene på havet, og føle at ein har kontroll, men like sterk er kjensla av at berre ei lita feilvurdering, ein minimal justering kan sende heile skipet inn i fullstendig kaos. Treffe bølgjene perfekt kvar gong, falle av akkurat nok til å ikkje broatsje, sitte klar med skjøtet for å kunne sleppe ut om det trengst.

Så lenge ein stoler på rormann og skjøteslask, er det få ting som er morosamare enn å suse av garde medsjøs med ein overrigga båt. På same måte er få ting like fryktinngytande om ein ikkje er heilt sikker på at dei som har ansvaret veit kva dei held på med. Viss dei berre legg i veg, trampar gassen i bånn og satsar. Det kan opplevast som idyll, heilt fram til det plutseleg ikkje er det lenger.

Denne sommaren viser Oseana fram Grieg Kunstsamlings vakraste og mest idylliske bilete, frå Hans Gude til Apichaya Wanthiang – der livet er enkelt og dagane lange. Publikum kan få lov til å legge bekymringane til side ei lita stund og oppleve kunst som løftar blikket og minner oss på at idyll finst. Ikkje i håpet om at dei som styrer skuta har kontroll, men i våre felles opplevingar, anten det er natur, fest eller kvardag.

Med kunst av mellom andre Christian Skredsvig, Hans Gude, J C Dahl, Theodor Kittelsen, Nikolai Astrup, Anne Eva Bergman, Asta Nørregaard, Marie Tannæs, Mariko Mori, Sarah Sze, Lul Krag, Harriet Backer, Elin Melberg, Apichaya Wanthiang, Erik Werenskiold, Ludvig Karsten, Peder Balke.

___

Utstillinga opnar onsdag 29. april kl. 19:00. 

Det blir kunstsamtale, musikalsk innslag, fingermat og noko godt i glaset. Opninga har gratis inngang.

Oseana kafé vil halde opent frå kl 12:00 denne dagen og gjennom arrangementet, med open bar og servering.

___

Tusen takk til Grieg Foundation for eit godt og verdifullt samarbeid!

 Les meir om Grieg Kunstsamling og kunsten på Oseana her.