Var det dumt det?! Av og med Christoffer Schjelderup

Var det dumt det?! Av og med Christoffer Schjelderup

Det er endeleg klart for Christoffer Schjelderup sitt andre soloshow - og det var på tide! "Var det dumt det?!" er eit sjølvransakande show om dei store og dei små tinga me gjer og som me veit er feil. Og her er det mykje å ta av! Den prisvinnande standup-komikeren har vore i komisk hardtrening og er opplagd som aldri før. No er han klar for publikum i salen og stemning i taket. Me gjer så mykje dumt, både i offentlegheita, som kollektiv og ikkje minst på heimefronten. IQ-en til dei unge i dag er i fritt fall, og dei snart utdaterte vaksne har vorte radikaliserte av for mange timar på nettet. Det kan verke som at me alle berre blir dummare. Og det blir me!

Den rappkjefta fanaguten Christoffer Schjelderup har i snart tjue år regjert på standup-scenen i heile landet, og ikkje minst i sin eigen heimby, der han har vore grunnleggar og pådrivar av Stand Up Bergen. I 2014 vann han" StåOppPrisen", komikarane sin eigen ærespris. Det første soloshowet han hadde, Tro Håp og Ærlighet, vart elska av publikum og kritikarar og nominert til Humorprisen for 2018. Dei store publikumsmassane kjenner han også frå Julegøy 1 og 2 på Ole Bull Scene, som vart sett av svimlande 50 000 menneske. Under pandemien har han nærast regjert facebook og skapt eit nytt humorformat gjennom sine superpopulære bodshow.

Produsent: Stas Artist AS