Vassendgutane Live

Vassendgutane Live

Ein konsert med Vassendgutane er ei unik oppleving.
Bandet leverer eit show som få andre band i denne kategorien kan vise til.
Allsongen rungar i store hallar og på dei store festivalane når bandet speler.
Stikkord er glede, party og eit band som verkeleg inkluderer publikum frå første strofe.

Bandet legg stor vekt på kvalitet og det visuelle uttrykket. Dei opptrer også 100% live.
Det blir råning, ungkarar og hjortejakt.
Og sjølvsagt dei nyaste slagerane, Sånn So Det Va Før, Skaldyrfest og Skrekkraude Rapala.

Konserten er unummerert med ståplassar på flatt golv i Oseanasalen.
Vergeordning for publikum under 18 år.

Konserten varer ca. 90 min.

Det blir eit eige område for rullestolar.
Fri ledsager med gyldig ledsagerbevis.
Ta kontakt med Oseana på 91750231 for rullestolbillett.