Vinsmaking: Ingvild redder julen

Vinsmaking: Ingvild redder julen

Å finne den perfekte vinen til pinnekjøt og lutefisk kan vere ei utfordring. Heldigvis er vinekspert Ingvild Tennfjord endeleg tilbake på Oseana!

Denne kvelden tek ho oss med inn i vinens verd og deler sine beste tips til kva vi bør ha i glaset gjennom jula. Vi utforskar vinar som passar til nær sagt alle behov, frå bobler til festen og smakar som løftar julematen, til vin som passar til peparkakene og ikkje minst Love Actually.

Ingvild Tennfjord er ein av Noregs mest kjende vinformidlarar, og har gjennom bøker, foredrag og vinsmakingar gjort vinkunnskap både tilgjengeleg og underhaldande. Med smittande engasjement og ei jordnær tilnærming gjer ho vinens verd spennande for både nybyrjarar og erfarne vinelskarar.

Sikre deg ein forsmak på høgtida, og gå heim med ny kunnskap og gode smaksopplevingar!

Vi smakar fem ulike vinar. Kurset passar både for nybyrjarar og vidarekomne.

Velkomen til ein hyggeleg førjulskveld på Oseana!

____

Servering: Gjer kvelden komplett med ein god middag eller noko godt i glaset før arrangementet. Oseana Kafé held ope fram til arrangementsstart, og kjøkkenet stenger éin time før. Sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no 

Sitteplassar: Vi sit ved runde bord i Oseanasalen. Ver merksam på at bordoppsettet på arrangementsdagen kan avvike noko frå salkartet som blir vist ved bestilling.

Varigheit: Ca 90 minutt