Utseld
Yoga i kunsten – med frukost og kunstomvising
Den perfekte starten på laurdagen for morgonfuglar som vil ha litt meir ut av dagen!La laurdagsmorgonen få ein roleg start med yoga til fjordutsikt blant kunstverka i Griegsamlingen. Kjenn energien kome med ein herleg frukost etterpå, sett saman av sunne og friske råvarer. Som avslutning til det heile, er du invitert til kunstomvising i samlinga, ved kurator Jørgen Larsson.
Sjølve yogaklassen vil vere mjuk og roleg og vil eigna seg godt for alle nivå - uansett utgangspunkt. Vi står for matter og anna utstyr, men ta gjerne med gode sokkar til avspenninga på slutten. Har du eige utstyr som du gjerne vil bruke, er du sjølvsagt velkomen til det.
09:00 - 10:00 Yoga
10:00 - 11:00 Frukost i restauranten
10:45 - 11:15 Kunstomvising med Jørgen Larsson
Yogalærar: Karina Lyssand
Pris er inkl. yoga, frukost og omvising.
OBS: Begrensa antall plassar!