Yoga i kunsten – med frukost

Den perfekte starten på laurdagen for morgonfuglar som vil ha litt meir ut av dagen!

La laurdagsmorgonen få ein roleg start med yoga til fjordutsikt blant kunstverka i Greigsamlingen. Kjenn energien kome med ein herleg frukost etterpå, sett saman av sunne og friske råvarer.
Klassen vil være mjuk og roleg og vil eigna seg godt for alle nivå - uansett utgangspunkt. Vi står for matter og anna utstyr, men ta gjerne med gode sokkar til avspenninga på slutten.

09:00 - 10:00 Yoga
10:00 - 11:00 Frukost i restuaranten

Yogalærar: Karina Lyssand

Pris er inkl. yoga og frukost.
OBS: Begrensa antall plassar!