Oseana kafé
Oseana kafé
I tillegg til kunst og kultur byr Oseana også på ein flott kafé. Her kan du nyte eit måltid medan du har panoramautsikt over Bjørnafjorden og vakre, snødekte Folgefonna i horisonten.
Frå september 2025 er det inngått avtale med ny drivar av serveringstilbodet på Oseana: Det Gode Selskap i samarbeid med Jannike og Arild Hatland.
Oseana kafé har fast opningstid på dagtid i husets ordinære opningstider.
Kafémeny
Kaféen serverar ulike typar lekre smørbrød og annan brødmat, samt kaker og lignande. Sjå/last ned menyen for brødmat her.
Ordinære opningstider
- Mandag og tysdag: stengt
- Onsdag– søndag: 12:00–16:00
Kva med servering på huset utanom kaféens faste opningstid?
Ved arrangement på huset blir det servering også på kveldstid, i form av showmeny med varmmat og/eller kveldsopen kafé. Sjekk aktuelt arrangement for meir info om kva som gjeld den aktuelle dagen.
I tillegg kan du bestille servering til grupper. Les meir om det øvrige serveringsstilbodet på Oseana her.
Kontakt
Lurar du på noko rundt kaféen? Ta kontakt på kafe@oseana.no / 474 13 100
Vi ønskar deg hjarteleg velkommen!