Mat og drikke på Oseana

Mat og drikke på Oseana

På Oseana har vi fleire ulike serveringstilbod. På dagtid tilbyr vi open kafé og kiosk. På kveldstid tilbyr vi foajébar, og enten showmeny med varmmat eller open kafé. Sist men ikkje minst tilbyr vi servering til konferansar og selskap.

Tips: Skal du på eit arrangement og lurar på kva som tilbys av servering den aktuelle dagen/kvelden? Gå inn på nettsida vår og sjekk informasjonen innunder det aktuelle arrangementet.

Oseana kafé

Velkommen til vår vakre kafé! Nyt ein kaffekopp eller eit måltid saman med panoramautsikta over fjorden. Kaféen tilbyr smørbrød, salatar, utvalde varmrettar, og dessertar.

Opningstid (gjeld ut april): Onsdag til søndag kl 12:00–16:00. Frå mai blir det utvida opningstider: Måndag–søndag kl. 12:00–21:00

Kaféen tilbyr smørbrød, salatar, utvalde varmrettar, og dessertar.

Catering/heimlevering: Kaféen tilbyr òg catering. OBS! Gjeld kun mat til levering heim/eksternt. For matbestilling i samband med selskap på Oseana, sjå lenger nede på sida.

Les meir om Oseana kafé her.

Showmeny

På kveldstid tilbyr vi ein eigen showmeny med ulike varme matrettar i forkant av utvalde kulturarrangement på kveldstid. Sjå informasjon/merking innunder kvart arrangement på nettsida.

Maten blir levert av Det Gode Selskap.  

Slik fungerar det: Du bestiller og betalar maten du vil ha på førehand. Måltidet får du servert i kafélokala våre i 1. etg. Du kan møte opp 1–2 timar før arrangementet startar.

Bestilling/kjøp skjer via billettsystemet. Når du kjøper billettar, vil du få tilbod om å legge til matprodukt, dersom dette er eit arrangement med showmeny. Du kan òg etterbestille mat etter du har kjøpt billettane (du finn bestillinglenke innunder aktuelt arrangement på nettsida). Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet.

Har du tillegg, kommentarar eller spørsmål angåande matbestillinga?

  • Vil du informere om allergiar?
  • Ønskar du å sitte ved same bord som nokon frå ei annan bestilling?
  • Ser du deg nødt til å avbestille?

Ta kontakt med post@detgodeselskap.no innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet ditt.

Grupper: Skal du bestille showmeny for grupper (6 personar +)? Ta kontakt på e-posten over for avtale og menyforslag.

Open kafé også enkelte kveldar

I dei tilfellene der vi ikkje tilbyr showmeny i samband med eit kulturarrangement på kveldstid, vil som regel Oseana kafé ha utvida opningstid, og halde opent fram til arrangementet startar. Sjå informasjon/merking innunder aktuelt arrangement på nettsida.

Foajébar

Baren i foajeen vil vere open ved dei fleste arrangement på kveldstid. Sjå informasjon/merking innunder kvart arrangement på nettsida. Baren opnar ca ein time før arrangementsstart. Det er tillate å ta med kjøpt drikke inn i salen.

Kiosk i foajé

Resepsjonskiosken held open i husets ordinære opningstider onsdag–søndag kl. 12:00–16:00, samt ved arrangement. I samband med arrangement kan du òg få kjøpt diverse kioskvarer i foajébaren.

Møter, konferanser og selskap

Det Gode Selskap tilbyr det du treng av servering og mat til ditt arrangement på huset – anten det er møte, konferanse eller selskap. Ta kontakt for menyforslag og prisar: post@detgodeselskap.no

Ser du etter lokaler til arrangement? Les meir her: Book di neste oppleving på Oseana