nodeimage

Eva Weel Skram: Falle til ro - ein julekonsert

Den gode julestemninga

Dato

14.desember

Tidspunkt

19:30

Pris

Ord. 560,-

Foto: Julia Marie Naglestad

 

Eva Weel Skram
Falle til ro – ein julekonsert
 

Fire år har gått sidan Eva Weel Skram slapp sin første julelåt, og i november legg ho ut på sin første juleturné med nøye utvalde favorittlåtar. Publikum over heile landet kan forvente seg ei stemningsfull aftan med musikalske perler på ei snor.

Ein av Evas første låtar med norsk tekst var «Selmas Sang», som var temalåten til NRK-serien «Snøfall». Songen har for lengst fått innpass i lista over nye norske juleklassikarar. I fjor fekk den følgje av «Falle til ro», som Eva skreiv til Netflix-serien «Hjem til jul». Serien blei ein kjempesuksess.

Evas eiga evne til å tolke andres låtar har vore krystallklar for det norske folk siden hennar deltaking i «Hver gang vi møtes». Her skapte ho eigne slagerar av andres hitlåtar som «Evig eies – kun et dårlig rykte» og «Snakke litt».

Etter at Skram gjekk over til morsmålet, har ho turnert landet på kryss og tvers, spelt på dei aller fleste av landets kulturhus og klubb- og festivalscener. Ho har også opptredd på tallause TV-program, både med eigne låtar, men også tolkningar av julelåtar som Prøysens «Romjulsdrøm» og Joni Mitchells udødelege «The River».

Etter kvart som stadig fleire julelåtar sneik seg inn på liverepertoaret i vintermånadane, kjendest det stadig meir naturleg å omfamne dette formatet, setje saman sitt eige utval av julesongar som betyr mykje for Eva sjølv, og som tydelegvis treff hennar publikum kor enn ho spelar. Resultatet er juleturneen «Falle til ro», som strekk seg frå midten av november til to dagar før jul.

 

Velkomen!

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

Servering

Middag før konserten? Oseana kafé og restaurant - for opningstider, meny og tinging av bord ring 53 69 51 40.

Eva Weel Skram - Selmas sang (Offisiell Musikkvideo)

Opningstider

   
mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00