nodeimage

Nordic Tenors - Classics

Dato

15.april

Tidspunkt

19:00

Pris

Ord. 420,-

Våren 2021 reiser Nordic Tenors på Noregsturné med si varme, vakre og virtuouse framsyning «Nordic Tenors - Classics». Saman med sin eineståande pianist, og nokre av Noregs beste musikalske arrangører, pustar den populære trioen nytt liv til evige klassikarar frå Edvard Griegs tid og fram til i dag. Her får publikum høyre nokre av historias vakraste musikalske høgdepunkt, framført med kløkt og glede av tre av Noregs finaste stemmer. Framsyninga spenn frå opera og klassiske musikalske uttrykk, til populærmusikalske genre og viser. Publikum kan glede seg til hjarterørande musikalske opplevingar, helsebringande mosjon for lattermusklane og himmelsk balsam for lydhøyre øyrer.

 

Nordic Tenors består av tenorane Roald Haarr, Sveinung Hølmebakk og Jan-Tore Saltnes. Dei har med seg den svært anerkjente pianisten Torgeir Koppang. Gruppa har tidlegare vunne Komiprisen, vore kongelege toastmasterar, åpna den nye operaen i Oslo og vunne publikums hjarte over heile landet.

 

Varer ca 80 min utan pause

Ord. 420,-

Gruppe 10+: 395,-

 

Servering

Oseana kafé og restaurant, for meny og tinging av bord kontakt 53 69 51 40 / restaurant@oseana.no

Opningstider

mandag stengt
tirsdag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00