Om OseanaLive

Det byrja med å streame teaterforestillinga «Fortrolige Samtaler» med Riksteatret til to institusjonar i 2016. I dag strøymer OseanaLIVE kulturopplevingar til over 100 institusjonar i frå nord til sør, og vest til øst i heile landet!

Sjølv om fleire konsertar måtte avlysast grunna koronasituasjonen, har Oseana halde fram med å dele konsertar og foredrag med bebuarar ved sjukeheimar, og rehabiliteringstenester. Vi har mellom anna sendt reprisar av konserten med Lindesnes trekkspillklubb, Eva Weel Skram, Eggum og Sivertsen, og forestillinga med Flåklypa. Til hausten vil vi strøyme 4 konsertar. Dette til glede for mange, den siste tida for eldre og sjuke har vore særskild vanskeleg.

PROGRAM FOR OSEANALIVE HAUSTEN 2022:

Meir informasjon kjem.

Sending av reprisar:

Vi vil sende reprise den første mandagen etter live-arrangementet, kl. 11.00

Jobbar du ved ein helseinstitusjon og ønsker at din institusjon skal vere med? Ta kontakt med Taija Korhonen på mail taija@oseana.no eller telefon: 417 28 335.

Om prosjektet:

Oseana Kunst- og Kultursenter ynskjer å dele kulturopplevingar med flest mogleg! Gjennom strøyming kan vi nå publikum som på grunn av helsemessige årsaker ikkje kan oppsøka kultursalen. I samarbeid med Kavlifondet og utøvarar, direkteoverfører vi utvalde konsertar og framsyningar til institusjonar, til beste for pasienter og deira næraste pårørande.

– Det å kunne gje ein oppkvikkar og inkludere bebuarar på slike kulturhappeninger, er ei fantastisk gåve frå artisten. Når vi veit at kultur både kan vera helsebringande og gje avleiing frå tunge tankar og lange behandlingsdagar, gjer prosjektet ekstra meining

seier vår direktør Ole Tobias Lindeberg.

 Prosjektet med å strøyme kulturopplevingar er eit nonprofitt arrangement som er støtta av Kavlifondet.