A Tribute to Dire Straits

Laurdag 25. september Kl. 19:00

Velkomne til strøyming med Dire Straits Tribute! Vi gler oss til å dele gode, gamle rockesongar med våre følgjarar på institusjonar fra nord til sør og øst til vest! Konserten startar kl. 19:00 og varar ca. i 1,5 time. Reprisen blir vist fyrstkommande måndag kl. 11:00 med moglegheit til å sjå den til og med kl. 16:00.

Beskrivelse av arrangement: Alt starta som ein morosam idé på ein kafé i heimbyen til gutta. Bandet; bestående av Totte Rajamäki, Stefan Jonsson, Sven Hammarström, Ola Johansson, Janne Stål og Martin Lindqvist, ønskte å laga ei lokal musikkscene i heimbyen. Resultatet blei ei hyllest til Dire Straits.
Det som starta som ei lokal greie utvikla seg raskt. I dag turnerer bandet både i heimlandet Sverige og elles i Skandinavia. Dei blir rosa av både publikum og kritikarar for sine tolkningar av Mark Knopflers legendariske band. I forkant av den foreståande turneén lovar bandet å levere den beste hyllinga til Dire Straits nokonsinne. «Før denne turen har vi kuttet ut alt annet for å levere det største og beste vi noensinne har gjort» seier Totte Rajamäki.
Gruppa Dire Straits blei starta i 1977 av Mark Knopfler, John Illsley, David Knopfler og Pick Withers. Saman danna dei gruppa som blei ein suksess over heile verda! Gjennom World Tour 1985-1986 blei det seld 3 millionar billettar og bandet selde over 100 millionar plater med hits som «Sultan of Swing», «Walk of Life» og «Money for nothing». Dire Straits mest selde album, «Brother in Arms» var det fyrste albumet som selde over ein million eksemplarar i det nye CD-formatet. Bandet blei oppløyst i 1995, men musikken lever framleis. Det er absolutt verdt ein hyllest-turnè!