Bjørn Eidsvåg med band

Torsdag 1. desember Kl. 00:37

Bjørn Eidsvåg med band inntar Os, og vi gler oss til å dele denne flotte opplevinga med vårt digitale publikum i heile landet! Konserten blir strøyma live 2 desember kl. 19:00. Minnar samstundes om at konserten blir vist i reprise måndag 6 desember mellom kl. 11:00 og 16:00.

BESKRIVELSE AV ARRANGEMENT: I haust skal Bjørn gjere det han likar aller best, nemleg legge ut på turné og besøke landets krikar og krokar. Med seg til Os har han sitt framifrå band og ein rikhaldig katalog med kjende og kjære låtar. Dei siste åra har Bjørn Eidsvåg spelt teaterframsyninga Etterlyst: Jesus på scenar over heile landet, fylt sjølvaste Operaen tre gongar, stått på atskillege festivalscenar, gitt ut bok og lagt ut på ein nærast utseld Noregsturné saman med Sigvart Dagsland. I haust besøker han Os og Oseana for å spele konsert.

«Jeg og bandet ser stort frem til å innta Oseana. I disse tider er det ekstra fint å møte publikum. Gamle sanger skal pusses opp og kjente låter skal spilles som de er. Blir moro!», fortel Eidsvåg.

Med 25 studioalbum og eige hyllestalbum har Eidsvåg opparbeida seg ein heilt unik posisjon i norsk musikkliv. Han har skrive ei rekke udødelege låtar som fleire generasjonar av nordmenn har eit sterkt forhold til. I tillegg har Eidsvåg ei unik formidlingsevne både som sangar og historiefortellar, noko som får publikum til å vende tilbake år etter år. Ein konsert med Bjørn og bandet er ei oppleving som eignar seg like godt i Oslo Spektrum som i kyrkjer og kulturhus.