Hellbillies- 30 år på vegen

Sundag 6. mars Kl. 19:00

Velkomne til strøyming med sjølvaste Hellbillies! Hellbillies må kunne kallast ein institusjon i norsk kulturliv, og no vil bandet markere sine fyrste 30 år med ein stor jubileumsturné. I løpet av nokre månadar vil dei besøke alle dei største kulturhusa i landet. Tanken med denne spesielle konsertturnéen er å kunne møte sitt trofaste publikum, for saman å sjå tilbake på dei 30 åra som har gått, og kanskje også kaste eit lite blikk framover ved å presentere nytt materiale.

For dei som ikkje har moglegheit til å følgje live-konserten den 6. mars blir den vist i reprise måndag 7. mars med moglegheit til å følgje konserten frå og med kl. 11.00 og siste moglegheit til å sjå den kl. 17.00. For spørsmål eller tilgang til strøyminga, ta kontakt på mail: taija@oseana.no.