Julekonsert med Bergen Filharmoniske Kor

Onsdag 23. desember Kl. 12:00

Vi har vore så heldige å få moglegheita til å strøyme julekonserten med Bergen Filhamoniske Kor på lille julaftan. Konserten strøymast frå Universitetsaulaen i morgon kl. 12.00, men vil vere tilgjengeleg ut 31. desember 2020.Konserten er ein del av eit samarbeid mellom Bergen Filharmoniske Kor og stifttinga, Siste Kapittel. Dette er ei nydeleg framsyning av ulike kjende songar og ein kort samtale med leiar for stiftinga, Anna Helle Valle og kulturbyråd i Bergen, Katrine Nødtvedt. Vi har blitt lova gode, gamle juleperler som «Fra himlen høyt», «Jingle Bells», «Deilig er jorden», og «Det lyser i stille grender».