Sonoko Miriam Welde speler Bruch saman med Bergen Filharmoniske Orkester

Onsdag 14. desember Kl. 18:00

OseanaLIVE inviterar til klassisk fiolinkonsert med eventyrlege tonar. Konserten blir vist live onsdag 14. desember kl. 18.00. Det blir reprise måndag 19. desember kl. 11.00.

Program
• Engelbert Humperdinck: Hans og Grete, forspill
• Max Bruch: Fiolinkonsert
• Peter Tsjaikovskij: Tornerose (Edward Gardner suite)

Sonoko Miriam Welde er solist i Max Bruchs vakre, populære og eviggrøne fiolinkonsert. Bergen Filharmoniske Orkesters sjefdirigent Edward Gardner dirigerer. Først får vi høyre overtyren til Humperdinck sin musikk til eventyroperaen Hans og Grete. Til sist i programmet kommer Tornerose, som ofte omtalast som den beste balletten som nokon sinne er skreve.

Edward Gardner, dirigent
Sonoko Miriam Welde, fiolin