Nordic Tenors – Classics

Torsdag 15. april Kl. 19:00

Til våren reiser Nordic Tenors på Norgesturne med si varme, vakre og virtuouse framsyning, «Nordic Tenors- Classics». Her vil dei saman med sin flinke pianist og Norges beste musikalske arrangører puste liv i evige klassikarar frå Edvard Griegs tid og fram til i dag.
Vi på Oseana gler oss til å dele vakre musikalske høgdepunkt, framført med kløkt og glede med vårt publikum som befinn seg på helseinstitusjonar frå nord til sør, og øst til vest i heile landet.Vi lovar ein stormusikalsk aftan med alt i frå opera og klassisk musikk, til populærmusikk. Publikum kan glede seg til hjarterørande musikalske opplevingar, helsebringande mosjon for lattermusklane og himmelsk balsam for lydhøyre øyrer.