Operakonsert ved Siljuslåtten sjukeheim

Laurdag 24. oktober Kl. 12:00

Vi er stolte over å få samarbeide med den flotte stiftinga, Siste kapittel! Siste Kapittel er ei stifting som jobbar for eit aldersvennleg samfunn. Førstkommande laurdag kl. 12.00 arrangerer dei operakonsert ved Siljuslåtten sjukeheim i Bergen. Vi har fått ei eksklusiv moglegheit til å før-streame denne flotte konserten. Den britisk-irske operastjerna, Alison Langer og den rumenske tenoren, Remus Alazaroae vil synge lovande tonar, akkompagnert av dyktige Ellena Hale på flygel. Vi har blitt lova kjende delikatesser mellom anna frå Tosca, La Bohème, Figaro, Rigoletto, Madame Butterfly og MacBeth. Konserten vil foregå med god avstand og strengt smittevern.